top of page
Eik Frå Drange
Eiketømmer
Hei! Serveringsfjøla du no får servert nydeleg mat på frå Mandelhuset er ein av fleire fjøler som blei levert i 2022. Den er handlaga av eik og her finn du meir informasjon om kor eiketreet kom i frå:
Helge og Kari Adele som driv Kulturløo på Drange var ein av dei første som leverte material til møbelproduksjonen. Materialen har vore brukt til produksjon av serveringsfjøler og andre mindre møbler. Materialet har vore tørka over fleire år i løa til Helge. På kartet ser ein kor trea har stått før det blei skoren til plank og lagt til tørk.
bottom of page