top of page

Eik er eit av dei beste tresortane me har i Norsk skog til å byggja møblar av, og kanskje det finaste. Den gode haldbarheita og fine strukturen gjer utmerka emner til møbelproduksjon.

På Tysnes, ein øykommune på Vestlandet er me berika med mykje flott eikeskog som Lynghaugane Møbelverkstad nyttar i produksjonen.

X

Skjermbilde 2024-03-19 185300.png

Fløirestauranten

Bordet du no sitt framfor er eit av i alt 22 bord som blei levert til den nyopna Fløirestauranten i 2024. Borda er laga av Lynghaugane Møbelverkstad og me er ein liten møbelprodusent som ligg på Tysnes, ein time sør for Bergen. Borda er laga av vintereik, ein av to eikearter som fins i Noreg, og trea kjem i frå vår heimkommune Tysnes.

Materialen som er nytta er hogga, saga til plank og tørka på Tysnes, og deretter brukt i produksjonen av desse møblane. Det er kortreist, bærekraftig og i trå med Fløirestaurantens verdier.

Ved å nytta slike gode, lokale råvarer, slik det også er på kjøkenet i restauranten, får ein kvalitet framføre alt anna. Produkta er laga for å vare, bli tatt vare på og brukt om att og om att igjen. 

VIl du sjå fleire av produkta våra, og meir om kva med lagar?

Om du ser på kartet nedanfor vil du også sjå kor eiketrea har stått før det blei til plank og deretter møbler. Trea stod på på Onarheim, aust på Tysnes, som har eit heilt spesielt jordsmonn, perfekt for lauvtrer. Som du også vil sjå i bordplata, er det mykje liv i treet, kvist, sprekker og det som normalt vil vera uegna i møbelproduksjon. Dette er ekte, rå og unik norsk eik frå vestlandet, og det ville me framheva i møblane.

Nyt maten, kaffen, kvilen, eller alle tre - og sett pris på handverket foran deg.

  • Instagram
  • Facebook
  • Instagram

Frå nøtt til møbel - i bilder

Norsk Eik

bottom of page